Skjermbilde 2019-06-05 kl. 21.14.05
Skjermbilde 2019-06-05 kl. 21.14.05

Korleis bli kreativ

av Leah Carys Wilce

Då eg gjekk på vidaregåande sleit eg veldig med å finne eit kreativt utløp. Dagane gjekk berre i skule, lekser, sosialisering, mat og søvn – og eg trur mange kan kjenne seg att i dette. Ein hadde liksom aldri tid til å gjere det ein hadde lyst til; anten det var å teikne, spele fotball eller game. Eg angra bittert på at eg ikkje tok formgjeving eller design, men når eg snakka med vennane mine som hadde desse faga, sa dei at dei heller skulle valt noko anna – å vere kreativ er ikkje gøy når du får karakterar på det.

 

Dermed tok eg valet med å ta meg eit friår. Planen var eigentleg å jobbe og kanskje reise litt, men plutseleg oppdaga eg ein folkehøgskule perfekt for meg – SKAP Kreativ Folkehøgskule. Ein frilynt skule med fokus på å utvikle kreativiteten og null karakterar? Ja, takk! Eg ende opp med å bli der i to år; eitt år som elev på arkitektur, og eitt som stipendiat på design – og det har utan tvil vore ei oppleving eg vil ta med meg resten av livet. Eg vil påstå at to år på SKAP har gjort meg godt utstyrt til å tenkje kreativt og komme i gang – så her er nokre tips til korleis å bli kreativ:

 

Bli inspirert

Inspirasjon er noko av det viktigaste for å vere kreativ. Og det fine er at du kan finne inspirasjon nesten kor som helst! Gå deg ein tur i fjellet, eller kanskje berre i gata utanfor huset ditt – sjå på detaljane i ei løvetann, sjå på korleis sykkelen til naboen fungerer. YouTube er også ein fantastisk plass å finne inspirasjon – og der du kan finne kva enn du ynskjer. Videoar om lodding og elektronikk, kanskje du er ein fan av rainbow resin-bord eller diverse Glow-Up videoar – teknikkar og metodar og masse inspirasjon!

 

 

Spør spørsmål

Korleis fungerer eit kamera? Kvifor går dei fleste dørhandtak nedover? Kva er greia med telt? Still spørsmål om alt. Design er eit konsept der nokon har bestemt korleis ein ting skal vere – kvifor kan ikkje du vere den som endrar dette? Det finst mykje dårleg design der ute – finn det og finn ut kva du ville gjort for å gjere det betre.

 

Undersøk et nytt felt

Eg var personen som alltid gjekk til teikning eller maling når eg skulle vere kreativ, men dette var noko som endra seg då eg begynte på SKAP. Plutseleg fekk eg opp auga for redesign – både redesign av tøy og redesign av brukte ting og møblar. Eg lærte meg å bruke ei symaskin, og eg lærte meg å bruke verktøya på treverkstaden. På denne måten fann eg ut noko viktig: for å utvikle kreativiteten må ein undersøkje nye ting å vere kreativ med. Så finn deg eit nytt felt, og slå deg laus.

 

 

Oppsøk kreative personer og stadar

Det er lett å sjå på mobilen i fleire timer om alle andre rundt deg også gjer det. På same måte er det lettare å vere kreativ, når nokon ved sidan av deg er det. Set deg ved sidan av han fyren som alltid teiknar krusedullar i timen, eller ho jenta som lagar reisevideoar på YouTube. Snakk med dei, lær av dei. Eit anna tips er å oppsøkje eit MakerSpace eller ein kreativ klubb av eit eller annan slag. Her er det mange som er i same situasjon som deg, og her kan ein vere kreative i lag.

 

 

Gjer om på rutinane dine

Noko av det første eg lærte på SKAP var at hjernen elskar rutinar. Det er trygt og det er velkjent. Om du byrjar å bryte rutinane dine, så lager ein nye koplingar i hjernen – desse koplingane hjelper enormt på kreativiteten. Så set deg ein ny plass ved middagsbordet, ta på den andre skoen først før den du pleier å ta, ommøbler på rommet ditt, drikk noko anna enn det du pleier om morgonen. Gjer akkurat det du vil så lenge du røskar opp i rutinane dine.

 

Slapp av

Ein siste ting, som ofte blir gløymd, er å slappe av. Det er viktig for hjernen å ta pause. Les ei bok, stirr i taket, sjå ein heil sesong av ein dårleg serie på Netflix – underbevisstheita di surrar og går sjølv om du ikkje held på med noko kreativt i nuet. Og vips, så kjem den briljante ideen til deg når du står i dusjen eller rett før du sovnar. Berre ta eit notat på mobilen eller ein post-it så raskt som ideen kjem. Og ta det med ro om du gløymer ideen din – dei beste ideane gløymer vi aldri.