67570004_463280904222975_7676509951400869888_n
67570004_463280904222975_7676509951400869888_n

Ein dag på SKAP

Av Leah Carys Wilce

 

SKAP Kreative Folkehøgskule har ein kvardag heilt utanom det vanlege. Ingen dagar er like, og det er alltid noko nytt som skjer. Det er vanskelig å beskrive ”den generelle dag på SKAP”, men eg skal gi det eit forsøk:

 

08:25

Vakn opp 5 min før SKAP Talk. Vekk roomien din. Puss tenna og ta på deg tøflane. Gå ned internattrappa i pysjen.

 

08:30

SKAP Talk (eller morgonsamling som nokon kallar det). Alltid noko nytt. Kort info om dagen/veka. Fagleg input frå nokon som held SKAP Talken – nokon gongar er det video, andre gongar ein markeringsdag, kanskje ein liten leik eller morgonstrekk her og der. Alltid applaus.

 

 

09:00-10:00

Frukost i kantina. Vel mellom brødskive med diverse pålegg, frukostblanding, yoghurt eller frukt. Kanskje ein mix? Nokon gonger er det kokte/steikte/rørte egg, graut eller smoothie. Då er frukosten ekstra spesiell. Lang tid til å drikke morgonkaffien og gjere seg klar for dagen. Digg.

 

10:00-12:00

No byrjar dagen for alvor. Nokre dagar er det fellesfag med alt frå entreprenørskap, storytelling og kreative metoder. Andre dagar er det linjefag. Teknologi, arkitektur, forsking og design – gå til dei respektive klasseromma og lær noko nytt! Uansett fag er timane alltid kjekke. Veiledarane set på musikk og går rundt og hjelper, og du kan drive med fellesoppgåver eller kanskje ein frekk liten eigenprosjekt. Alle linjer gjer undervisninga forskjellig, og det beste er at du som elev får vere med og bestemme korleis timane skal vere.

Endelig fredag – då er det valgfag! Eit valgfag før lunsj og eit etter. Du vel sjølv kva valgfag du vil ha – og det er nok av ting å velje mellom!

 

 

12:00-13:00

Lunsj og laaaang pause. Kjøkkenet stel av og til i stand litt varm mat eller ein flott potetsalat. Mange elevar likar best å bruke toastaren – godt brød med deilig smelta ost og krydder. Eg blir svolten av tanken. Resten av pausen brukast til å sosialisere. Sjølv likar eg best å spele fussball eller biljard, andre brukar tida si på å gjere ferdig eit prosjekt eller sluke eit par koppar kaffi.

 

13:00-14:30

Fag igjen. Alltid godt å vere på plass i klasserommet.

 

14:30-16:00

Spring opp på rommet og bytt tøy – for no er det aktivitet! Kvar tirsdag og torsdag fører vår kjære internatleiar, Irene, saueflokken bort i Mandalshallen. Her kan du gjere alt du vil – volleyball er desidert mest populært, men innebandy, kanonball, basketball og tur er gode alternativ. Nokre gonger er det teambuildings-leikar – og diverre altfor skjeldant (etter mi meining) er det stiv heks og andre ”barneskuleleikar”.

 

 

16:00

Endelig middag! Kva står på menyen i dag?

 

16:30-20:00

Ååå, den etterlengta fritida. Kva skal ein finne på i dag? På SKAP har vi alle moglege arbeidsrom – kanskje ein tur på verkstaden for å mekke ein benk? Eller 3D-printe eit mobildeksel på labben? Kva med å sy ein sekk på redesign? Nei, i dag går vi for å laserkutte namneskilt til romdøra di. Guttakrutt set på konferanserommet og har Smash-turnering, og bestejentene har ein seriøs runde UNO. Dei alternative prøvar å framkalle bilete frå eit analogt kamera på badet, og filmklubben kosar seg med popkorn og alle tre Ringenes Herre på filmrommet. Etterpå skal ein gjeng ut og bade på Sjøsanden, spele litt fotball og kubb. Livet er herleg!

 

 

20:00

Mat igjen. Denne gangen kvelds. Kanskje har tilsynsvakta til og med bakt bollar eller satt på ein dokumentar på storskjermen? Om det er onsdag er det onsdagscafé – utan tvil eit populært opplegg. Stipendiatane og elevar baker kake eller finn fram isen; klart for quiz!

 

 

23:00 og utover

Det byrjar å bli stille på bygget. Alle vaskemaskinar er avslåtte og tilsynsvaken tar siste låserunde. Likevel er det alltid liv på bygget, for elevar sit gjerne med opptaksprøvar på design og arkitektur, eit prosjekt eller eit spel på teknologi, ein film eller musikk i peisestova. SKAP søv aldri.